• Herresaasen vinterhytte

    Høgt og fritt på Voss

  • Sommar Bordalen

    Utsikt og flott natur heile året

  • Pulk Startside Slideshow 200x700

    Heile familien rett ut i løypene

  • Framsidebanner 2017a

    Lett tilkomst til skog og vidde

  • Stadion Startside Slideshow 200x700

    Voss Ski og Tursenter

  • Tohytter Startside Slideshow 200x700

    Hyttefeltet tek form

  • Tomt Startside Slideshow 200x700

    Her kjem hyttedraumen!

  • Trehytter Sommar Startside Slideshow 200x700

    Idyllisk og naturnært

  • Vinter Slideshow 200x700

    Vinterparadis

  • Vinterhytta3 Startside Slideshow 200x700

    Klart for hyttekos og ski inn ski ut

 

Siste nytt: Vikeshagen er lagt ut for sal

Attraktive tomter

Ferdig planerte tomter med flott utsikt er lagt ut for sal i Vikeshagen, ein kort spasértur frå Voss Ski og Tursenter. Så langt er tomt V1 - V22 lagt ut, og av desse er 16 stk reservert. Grunnarbeidet for resten av feltet vil vera ferdig hausten 2020.

Les meir

Prospekt Vikeshagen

Nytt hyttefelt! Nye fritidstomter i Vestlandets svar på Nordmarka! Vikeshagen, like ovenfor skistadion. Voss Hyttegrend byr på eit eldorado for friluftsinteresserte! Meld di interesse idag. Last ned prospekt her.

Les meir

Oversiktsvideo

Hytte på Voss er ikkje langt unna

Fritida er dyrebar. Du vil heller vera på ski eller i hyggeleg samvær rundt hyttebordet, enn i bilen over ein fjellovergang. Hytta er for mange ein heim nummer to, og det skal vera komfortabelt og praktisk. Usjenert og landleg, men likevel sentralt. Akkurat som i Voss hyttegrend! No er det ledige tomter 400-600 m.o.h, ved Voss ski-og tursenter, berre eit kvarter frå Voss sentrum.

 

Rett ut i løypene

Rett ut i løypene

Voss sitt svar på Nordmarka står det på heimesida til Voss Ski- og tursenter. Voss Hyttegrend utviklar område i Bordalen-Skutle-Vikesåsen med unike hyttefelt tilknytt skianlegg, løyper og turområde. Eit frittliggande sentrumsnært eldorado som blir til eit brukar- og miljøvenleg fritidsområde.

Om vinteren vert det preparert løyper dagleg til dei som likar å trena og vera aktive innan langerenn. Om kvelden er det lysanlegg i delar av løypa. Det vert òg køyrd opp spor i turterrenget heile vinteren.
Bruk hytta året rundt

Bruk hytta året rundt

Når snøen er borte om våren, kan ein nytta skianlegget sitt asfalterte løypeanlegg, eller nytta dei mange familievennlige turløypene. Dei som likar større utfordringar, kan gå i flott uberørt natur på høgfjellet. Om hausten kan ein få kjøpt jaktkort på småvilt av Grunneigarlaget, eller kjøpa løyve på hjort av jaktfelta i området. Ein kan òg prøva fiskelykka i eit av dei mange fjellvatna i området.
Kort veg til alt

Kort veg til alt

Vossevangen med alt Voss sentrum har å by på, er berre ein kort køyretur unna Voss hyttegrend. Handel, kaféar, aktivitetar, arrangement og festivalar. Her skjer det noko heile året, enten du vil delta sjølv eller heller vil la deg underhalda.